mandag 5. mai 2008

Er språket i fare?


Eit av hovudsynspunkta er at dei som snakkar morsmålet ikkje lærar frå seg språket lenger. Eg trur at dei meinar at vi som er ungom i dag vil lære våre ungar eit anne språk enn det vi lærte.

Det er ikkje så stor fare for at dei store språka skal forsvinne, det er dei små språka som står i fare for å bli vekke. Det er for eksempel ikkje norsk som står i fare for å bli utrydda i Noreg, det er samisk som står i fare for å forsvinne.

Det er veldig mange som meinar at internett er ein stor fare for det norske språket, dette er nokk antagelig litt feil. Fordi det er så mange nordmenn som skriv i forum, har eigne bloggar og les meir enn nokon gong.

Eg trur ikkje at det norske språket er i fare, men det samiske språket er det vel litt skummelt for. Eg trur det er ein liten mulighet for at nynorsken blir mindre og mindre populær, og den kna muligens forsvinne heilt.